Eg snakkar vesttelemarksdialekt, ein dialekt mange synest er fin. Fleire av dei eg møter seier nettopp det – at den høyrest flott og særprega ut. Likevel tek eg meg sjøl i å knote i nesten alle samtaler eg har.
Det skjer gjerne når eg møter nye folk, eller når eg får den velkjende kommentaren: «Hæ?». Når dette skjer tre-fire gonger, er det fort å legge om til østlandsk. Plutseleg høyrest eg ikkje heilt ut som meg sjølv lenger, sjølv om eg eigentleg veit at dialekten min blir sett pris på.
Knoting blir gjerne definert som «tilgjort, unaturlig språk» (Knot, 2026). Likevel er det ikkje alltid så enkelt. Er det eigentleg så rart at vi prøver å tilpasse oss for å bli forstått – eller for å passe inn? Vesttelemarksmålet har dessutan hatt ein særskild posisjon i norsk språkhistorie. Mykje av folkevisetradisjonen vart skriven ned nettopp her, i område som Vinje og Seljord (Mæhlum & Røyneland, 2023, s. 72). Dialekten eg snakkar, er altså ikkje berre «min», men ein del av ein større kulturarv.
I Noreg likar vi å tru at vi har stor toleranse for dialektar, men forsking viser noko anna. Knoting har tradisjonelt blitt sanksjonert negativt, og enkelte dialektar blir framleis stigmatiserte (Mæhlum og Røyneland 2023, s. 144). Samtidig ser vi ein prosess med dialektnivellering, der lokale språktrekk forsvinn til fordel for meir regionale eller «nøytrale» variantar (Mæhlum og Røyneland 2023, s. 126).
Når eg knotar, kjennest det feil. Samtidig risikerer eg å ikkje bli forstått dersom eg let vere. Kanskje handlar det derfor ikkje om å velje rett eller gale, men om å finne ein balanse – å halde på eigen språkleg identitet, samtidig som ein møter andre på halvvegen. Då sit eg igjen med eit spørsmål: Er det eigentleg mi oppgåve å gjere meg forstått, eller ligg ansvaret òg hos mottakaren som skal prøve å forstå?
Litteraturliste
Mæhlum, B., & Røyneland, U. (2023). Det norske dialektlandskapet (2. utg.). Cappelen Damm.
Store norske leksikon. (2026). Knot. I Store norske leksikon (Red.). Henta frå https://snl.no/knot

Hmm, du sluttar med eit vrient spørsmål. Det kan sjølvsagt vere ein slags objektive grunnar til at ein ikkje forstår, men så veit me jo også at det kan handle om manglande vilje eller vane. Likevel ligg det som oftast ikkje vond vilje bakom dei å seie «Hæ?» når ein ikkje forstår (eller tek seg bryet med å forsøke å forstå), men snarare tankeløyse, vil eg tru, og det gjer ikkje saka enklare. For oss som stundom føler på at me må endre dialekten vår, er det irriterande at det finst andre som tenkjer at dei ikkje treng det, men dei forventar det av oss. Slik er det vel berre, og kvar og ein av oss må finne våre eiga løysing.