Tre målvekslande jenter

Då eg gjekk på ungdomsskulen lanserte NSB reklamen «hjem til jul». Reklamen handla om fyrste gongen eit kjærastepar skulle feira jul saman. På togturen heim byrja jenta å snakke gradvis breiare. Denne prosessen haldt fram så då dei var kome fram kunne ein ikkje kjenne igjen eit hint av Oslodialekta ho byrjar togturen med (NSB, 2015). 15 år gamle meg tenkte at det ikkje var mogleg og eg haldt rundt den tanken fram til eg var 18 år. Som 18åring blei eg kjent med venninna mi Eline. Til vanleg kan ein tenka at Eline kjem frå ein Au pair familie ved Oslos beste vestkant, men på telefonen med foreldra sine avslører ho treslingdialekta si.

Det både reklamejenta og Eline held på med er målbryting. Målbryting hender når ein har fleire språklege variantar ein kan ta i bruk. Ein person kan dermed veksle mellom ulike språklege variantar etter kven vedkommande snakkar med eller i kva område vedkommande er i. Dette er ein intrainduviduell variasjon av språket og når ein har fleire språklege variantar å velje mellom er tendensen at språkbrukaren vel varianten med størst nasjonalt bruksområde. Målbryting fører difor ofte til utjamning av språket (Mæhlum & Røyneland, 2021, s. 125-126).

Eg har etter nyttår vorte eit offer av å bruke stadig mindre stadstypiske variantar. Paradoksalt nok har Eline tatt på seg rolla med å rette på meg kvar gong eg seier «noe» eller «ikke» i staden for «noko» og «ikkje». Eg skal gjere det eg kan for å halde på dialekta mi, medan eg slår meg til ro med tanken på at sosiolingvistisk forsking tilseier at dei sentrale skilnadane i det norske dialektlandskapet ikkje vil forsvinne i den overskodelege framtida (Mæhlum & Røyneland, 2021, s. 142).

Litteraturliste:

Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2021). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm Akademisk

NSB. ( 2015, 8. desember). Hjem til jul NSB [Video]. YouTube.

Join the Conversation

1 Comment

  1. Artig at du grip fatt i denne reklamen (som eg hugsar no, når eg blir minna på han). Utan at eg skal prøve å vere ekspert på reklameverksemda, så er det vel ganske opplagt at dei som står bak han, spelar på noko som er attkjenneleg for mange. I tillegg spelar han vel på at dette blir oppfatta som noko typisk norsk, og i sum sit me att med nokre assosiasjonar som varen (tenesta) det blir reklamert for, gjerne vil bli assosiert med. Sånn sett er dette også eit godt døme på at kunnskapar om dialekt kan kome godt med på ulike felt, og då ikkje berre kunnskapar om trekk og utbreiing, men også korleis me nyttar talemålet og ikkje minst korleis me tenkjer om det.

Leave a comment