Stadnamnet «Arendal» kjem frå norrønt «Arnárdalr».[i] Det består av to ledd «Arná» som betyr «Ørnelv», og «dalr» som betyr «dal». Det er iallfall ein blant mange av teoriane til kor namnet kjem frå.

Men i Arendal er det mange som uttalar det som /ændal/, «a» blir til «æ» og «r» blir veldig redusert til heilt bortfallen. Det er også dei, som Rune Sævre i ein av trailerane til dokumentaren Ændal, fra munn og folkesjel, som meiner det burde stå «Ændal» på skilta.[ii] Med det sagt har eg og høyrt det fenomenet meir eller mindre konsekvent i andre ord, som «Arne» som blir til /æne/, «farge» til /fæve/ og «barn» blir til /bæn/.
Det norske dialektlandskapet tar berre føre seg lenisering, diftongering, og -r-farging generelt i sørlandsk, ingenting som fører mot ein tilfredstillande forklaring for at -ar- blir til /æ/.[iii]
Men «a» i både, «Arendal», «Arne», «farge» og «barn», er lange vokalar, altså «á». Mon tro om det kan være ein samanheng mellom i-omlyd og det dialekttrekket om vi går eit stykke tilbake? Med i-omlyd går «á» mot «æ».[iv] Korleis det har skjedd er vanskeleg å finne ei forklaring på. Det kunne kanskje vært frå «Arnárdali», eller «Arniárdalr». Men det er lite sikkert at det kjem frå «Arnárdalr» i det heile.
Analogi har kanskje også virket på fenomenet. Analogi vil seie «at språkbrukarane generaliserer ut frå eit mønster som alt finst i språket og utvidar det til å gjelde vidare enn før.»[v] Som orda áss – æsir, blása – blæss, og gastiR – gæstr som har i-omlyd, kan kanskje det ha noko samanheng med /æ/ i Arendalsk.
Eg veit ikkje. Eg har freista å finne ei forklaring. Men eg har allereie brukt altfor mange timar på dette no, eg må gå vidare. Om du skulle ha noko innsikt, gjerne kommenter på innlegget!
[i] Geir Thorsnæs og Per Roger Lauritzen, «Arendal», i Store norske leksikon, 27. desember 2023, https://snl.no/Arendal.
[ii]Ændal er en dokumentarfilm som vil fokusere på Arendalsdialkta, 2022, https://www.youtube.com/watch?v=UMg0W1EliDA.
[iii]Brit Mæhlum og Unn Røyneland, Det norske dialektlandskapet, 2. utg. (Oslo: Cappelen Damm AS, 2023), 101–2.
[iv]Karine Stjernholm og Bernt Ø. Thorvaldsen, Norsk Språkhistorie For Lærarar, red. Ingvil Brügger Budal (Bergen: Fagbokforlaget, 2021), 37.
[v] Arne Torp og Lars S. Vikør, Hovuddrag i norsk språkhistorie (Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS, 2014), 24.

Det du tek opp i innlegget ditt, er nok ikkje det enklaste å forklare, og eg skal ikkje forsøke, eg heller. Sjølv trur eg nok det handlar om r-en, for i Arendalsregionen og andre stader har denne lyden ‘herja’ ganske grundig med talemålet. Ein som veit mykje om dette, er Arne Torp, og han skriv ein del om dette og andre sørlandske fenomen her: file:///Users/runero/Downloads/ava_rbok_for_2012.pdf
I dialektlæra legg ein ofte vekt på dei ‘store’ trekka som skil større område frå kvarandre, til dømes skarre-r og ein del andre, men det du skriv om, er ei viktig påminning om at mange trekk også har mykje meir avgrensa utbreiing, og derfor framstår dei ofte som veldig spesialiserte og kanskje avvikande for verda utanfor. Nettopp derfor står dei også i fare for å forsvinne, og det å skrive Ændal på skilt, kan tenkjast å ha bevarande effekt (sjølv om det verkar radikalt).