Når eg no har budd i Kristiansand i rundt åtte månader har eg merka noko eg eigentleg ikkje likar å innrømme, heldigvis har ingen bekjente frå Sunnmøre eller Valderøya kommentert det enda. Det eg har merka er at eg har begynt å endre talemålet mitt. I samtalar med folk og det spesielt med dei som ikkje er frå Sunnmøre går eg ofte bort frå valderøydialekta mi og over til eit meir byprega språk slik dei pratar i Ålesund, eit konkret eksempel er at eg har begynt å seie «vi» i staden for «oss». Kvifor gjer eg det? Og kva seier det eigentleg om korleis språk fungerer?
Dette kan også forklarast som dialektutjamning. Ifølgje Mæhlum og Røyneland har språktrekk som blir oppfatta som «breie», ein tendens til å bli erstatta av meir nøytrale variantar med større utbreiing (2012, s. 126). Dette kan forklare kvifor eg går bort frå valderøydialekta mi og heller brukar ord som «vi» i møte med folk frå andre delar av landet.
I starten merka eg at folk ikkje alltid forstod meg og då begynte eg bevisst å tilpasse språket mitt. Etter kvart har eg merka at dette har gått over til å bli ein meir ubevisst handling. Det viser kor tett språk og sosiale situasjonar heng saman og kor lett vi tilpassar oss for å bli forstått og passe inn. Samtidig reiser det eit spørsmål om kva som skjer med dialekta når ein flyttar på seg. Mister ein noko av dialekten? Eller er dette berre ein naturleg del av språkleg variasjon og utvikling?
Litteraturliste
Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2012). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm.

Du er nok i godt selskap når du ikkje verkar heilt nøgd med at du tilpassar talemålet ditt, meir eller mindre ubevisst, men ein kan også snu på det og med gode argument hevde at det vitnar om både kompetanse og ferdigheiter. Det som tykkjest ergerlig, er kanskje kjensla av at det ikkje berre handlar om å sikre god forståing, men at det også ligg element av prestisje og ‘normalitet’ i dette, altså ei slags kjensle av at somme talemål ikkje er heilt brukande i alle samanhengar. I mange samanhengar er dette bygd meir på kjensler og fordommer, og har mindre med faktiske omstende å gjere, og det fortel noko om statusen ulike talemål har i samfunnet vårt, og korleis me tenkjer om det.
Ikke en ukjent situasjon du finner deg i der Daniel, og jeg kan si at jeg finner meg selv i en nærmest parallell situasjon. Kristiansands dialekta er hovedmålet mitt, ettersom jeg er oppvoskt i kommunen, men om jeg vil staseliggjøre meg selv så legger jeg på en venndølsk dialekt, noe jeg har arvet fra min mor. Kanskje en form for identitestyveri? Men jeg gjør det også ubevisst, noe jeg fikk belyst av bekjente jeg ikke breiet dialekta mi til. Man har ofte hørt at folk har flere masker, ergo personligheter man bruker blandt forskjellige folk. Kanskje dialekter bare er en detalj i disse maskene? Noe man bytter og omformer etter omstendighetene?