Noko eg ufrivillig har lagt merke til i min korte tid her på Sørlandet er negative haldningar mot trøndersk, i form av at trøndersk uttale blir gjort narr av. Uttaler eg har bitt meg merke i at blir forsøkt etterlikna etterfølgt av latter er spesielt palatalisering av alveolarar. I trøndersk er palatalisering til stades i ord som «maɲɲ» og «aʎʎe».[2] Dette dialekttrekket er utbreitt i dei sørlege delane av Trøndelag, der den er til stades både i trykktunge og trykklette stavingar.[3]
Denne etterapinga av det trønderske er noko som ikkje er spesifikt for dei individa eg har overhøyrt men eit fenomen som er til stades i radio, film, og tv. Her har eg sjølv opplevd det som ein tendens til at dei «dumme» blir spilt av trønderar. I eit forsøk på å komme til botnen i kvifor det er slik har eg undersøkt ulike forklaringar. Nokon mogelege forklaringar blir gitt i ein avisartikkel frå 2022 om «Hvem er den originale trønderske raringen?». Artikkelen trakk linjer tilbake til 1900-tallet trønderskrøner.[4] I 1939 blei nokon av desse skrønene samla og utgitt som ein bokserie. Trøndersk har slik heilt sidan 1900-tallet hatt noko komisk over seg. Ein anna forklaring vert gjeve av sosiolog Arve Hjelseth. Han meinte at for «Oslo-folk» så kan trøndersk opplevast som lettare å parodiera enn andre dialektar, på grunn av dialektas særeigne ord. Dette kombinert med stereotypiar og førestillingar om trønderar, førar til at dialekten opplevast som meir komisk.[5]
Eg velje å avslutte med eit utdrag frå songen «Trønder» av «Forente trøndelag», laga i anledning samanslåinga av Nord- og Sør-Trøndelag. I tillegg til ein oppfordring om å søke opp heile songen for å verkeleg forstå kva Noregs beste folkeslag, trønderar, verkeleg er.
«Æ kan vær traust og træg i tennissokka
Med både bart og karsk – heilt trønderrocka
Men æ e mytji meir enn kun den klisjeen
Om en skinnvest-sjarmør»
Kjelder:
Mæhlum, Brit, og Unn Røyneland. Det norske dialektlandskapet : innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm akademisk, 2012.
«Æ e trønder æ » Åge Aleksandersens beste (1977), Lest 8.03, 2023. Henta frå:
https://genius.com/Age-aleksandersen-e-trnder-lyrics.
Øien, Fredik Skagen. «Hvem er den originale trønderske raringen?». 18.09.2022. Lest 08.03.2023. Henta frå:
https://www.adressa.no/magasin/i/y4kG8J/hvem-er-den-originale-troenderske-raringen.
[1] «Æ e trønder æ «, Åge Aleksandersens beste (1977), lest 8.03, 2022, https://genius.com/Age-aleksandersen-e-trnder-lyrics.
[2] Brit Mæhlum og Unn Røyneland, Det norske dialektlandskapet : innføring i studiet av dialekter (Oslo: Cappelen Damm akademisk, 2012), 80.
[3] Ibid.
[4] Fredik Skagen Øien, «Hvem er den originale trønderske raringen?,» (13. august 2022. 18.09. 2022 2022).
[5] Ibid.

Det er interessant å knyta språklege spørsmål opp til sosiologisk tenking og forsking. Eg trur òg at det er viktig å belysa desse temaa i større grad, for mange er nok uvitande om dei stereotype haldningane som finst rundt i samfunnet vårt knyta til dialektmangfaldet. Det gjev eit nytt perspektiv å kunna knyta samtidige tendensar opp mot eit historisk grunnlag.
Takk for ein interessant og fin kommentar! Eg er heilt einig i at dette temaet må belysast i større grad. Eg har sjølv før berre høyrt om negative haldningar til trøndersk, da gjerne tilknytt situasjonar i Oslo, så å oppleve det sjølv var ein vekker. Det krev sjølvsagt også en diskusjon på korleis ein sjølv oppleve latter knytt opp mot uttale av sin eigen dialekt, og i korleis grad ein som person tar seg nær av det.
Om det er noko trøyst, så er det stereotypiar om folk frå dei fleste landsdelar, og dialekten blir ofte det viktigaste verkemiddelet for å dyrke dette. Då grip ein gjerne fatt i særskilde ting som skil seg klart ut, som til dømes palatalisering, som du nemner. Om eg skal tru noko: Eg trur ikkje heilt at trønder-mobbing er noko særskilt for sørlendingar. Snarare vil eg gisse på at dei har lært det av austlendingar. Sørlendingane har også sine (fortente?) kjennemerke, ofte til stor irritasjon for dei av oss som ikkje kjenner oss att i det som blir parodiert.