Kva rolle spelar identitet innan talemålet viss det berre går i ei standardisert retning? Det ser ut til at talemålet er i stor endring, og sett ifrå mitt perspektiv (ein rogalending, som kjem frå Jørpeland: om lag 30 minutt frå Stavanger), så skjer det raskt!
Utviklingsretninga peikar mot at austnorske former og tilnærma bokmålsformer er mest produktive. Kvifor? På trass av at byen Jørpeland har eit talemål som liknar meir nynorsk enn bokmål, har det etter mi oppfatning danna seg eit stort stigma mot nynorsken, på lik linje med fleire andre plassar i Noreg, at det berre er eit «drit-skulefag». Derav har nok moglege ytre faktorar som framstilling av språk i media, undervisninga, og kompetansen til lærarar ei viss skyld. Ein kan jo spørja seg sjølv: viss læraren aldri skriv nynorsk, kvifor skal elevane?
Eldre dialektale trekk, som er like i nynorsk men òg særskilte til Rogaland, ser ut til å døy raskt ut! Perfektumsforma «vore», vert til «vært» slik som i bokmålet, hokjønnsobjektpronomenet «na» vert til «hu» og preposisjonar som «or», (av), vert ikkje brukt! I forhold til dei ytre faktorane er det ikkje så vanskeleg å forstå at desse meir austnorske språktrekka vert produktive. Men er det den einaste grunnen til at Jørpelandstalemålet står ovanfor ei «bokmålifisering»?
Viss ein ser på moglege indre faktorar kan det sjå ut til at den kommande yngre språkbrukargenerasjonen tyr til meir austnorske språktrekk på grunn av identiteten språkbrukaren har til talemålet sitt. Ettersom engelsk har teke ei mykje større rolle i dagleglivet, kan tilknytinga og den norske språkidentiteten ha vorte svekka?
Det er viktig å tenkja at språket er under naturleg og kontinuerleg utvikling. Endå kan ei hyppig endring føra til at dei dialektale trekka og dermed historia og identiteten deira kan forsvinna. Spørsmålet vert då, i kva grad me sjølv taklar forandringa.
Kjelder:
Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Det norske dialektlandskapet, kap 7, Dialektendringar. Cappelen Damm.
Sandøy, Helge (1996): Talemål, kap 5, Språkendring. Novus Forlag. Henta frå: https://www.nb.no/items/eba25275ec590069f87487e1770da44e?page=7

Du peikar på nokre endringar i dialekten som samsvarer med ei slags overgang frå nynorsk til bokmål, og du kan sikkert finne fleire døme ganske enkelt. Spørsmålet er likevel om skriftmåla og deira posisjon og status er det som er avgjerande, eller om endringane heller handlar om tilpassing til talemål andre stader, i ditt tilfelle i retning av ‘Stor-Stavanger’. Dette er ikkje enkelt å svare på, for dei nye formene, slike som ‘vært’, er gjerne felles for stavangersk og bokmål, og kanskje verkar desse saman når jørpelandsmålet endrar seg. Sagt på ein annan måte: Formene i stavangersk får kanskje meir prestisje når dei liknar bokmål, og bokmålets prestisje aukar kanskje på og fører til problem for nynorsken, også når det gjeld det ein identifiserer seg meg. Det er ikkje så enkelt, dette, men også derfor er det spennande.