Eit ord eg alltid har bruka i dialekta mi frå Søraustlandet er innmari. Ordet er ikkje særleg merkande og står òg i ordboka til både nynorsk og bokmål. Det har difor aldri slått meg at det er noko stadbunde uttrykk, før eg ein dag prata med ein ven som meinte berre austlendingar sa dette ordet. Han sjølv har dialekt frå Nord-Trøndelag og Nordmøre, og er ikkje van med innmari, ei heller hugsa han å ha høyrt det andre stader.
Med desse nye opplysingane fekk eg lyst til å finna ut kva ordet kom av, so eg leita det fram i ymse ordbøker, mellom anna grunnmanuskriptet til Norsk Ordbok frå 1935, og jau då, heimfestinga åt innmari var «Vestf o.fl.», med merknaden «heller sjeldan». Eit anna spørsmål eg enno stod med var derimot opphavet. Kva for eit ord er innmari? Fyrsteleddet er openbert, men kva er mari for noko? Grunnmanuskriptet fortel det kanskje kjem frå marig (morken, om tre), som i seg sjølv samsvarar med uttala, men marig viser òg til ei anna form maren, òg i samsvar med uttala, om innmari er særskilt austlandsk. Inkjekjønnsforma kunne nemleg ha vore mari (← gn. *marit), på same måte som at galen (gæ`ærn) får inkjekjønn gæ`łi (norm. gale), i begge tilfelle etter den forventa utviklinga av fullvokal i jamvektsord (jf. kommi av komit, eller tyri for tyre, t.d. i Tyrifjord). Innmari hadde soleis vore inkjekjønn av innmaren.
For å leggja eit større grunnlag for denne tanken søkte eg opp den mogelege normalforma innmare i Nasjonalbiblioteket, for å sjå om nokon kom meg i forkjøpet med å tyda det som inkjekjønn av innmaren. Jau, der fann eg ei rekkje døme på denne forma. Om desse speglar ei faktisk taleform eller berre ein normeringstanke er uklart, men det som er sikkert er at språkbrukaren sjølv har tenkt på det som ei inkjekjønnsform snarare enn -ig.
Litteraturliste
Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2012). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm. Side 46.
Grunnmanuskriptet til Norsk Ordbok: Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet (1935).

Så spanande med eit diakront blikk på innmari! Sjølv bruker eg det berre som forsterkande adverb, men no som eg kjenner meir av historien til ordet, vil eg kanskje bli freista til å bruke det som adjektiv. T.d. er det jo nærliggande at det snart kjem eit innmari spørsmål til eksamen:-)
Det er artig å følge di forfølging av opphavet til eit vanleg, men likevel noko mystisk ord. Det du får fram, er for det første at opplysningane om utbreiinga av ordet kanskje ikkje er fullstendige, og det gjeld nok i mange tilfelle. Og så får du vidare fram at forklaringa heller ikkje er så opplagt. Ofte har orda fått ei noko anna form, til dømes at ein konsonant eller fleire har falle bort. Dermed opnar det seg fort fleire moglegheiter, særleg fordi ordet også kan ha skifta tyding på ein eller anna måte. Mange av orda våre har opphav i framande språk, men det er også mange, meir ‘mystiske’ ord som har eit heimleg opphav i gammalnorsk. Desse ulike moglegheitene gjer det spennande å utforske ordhistoria.