Jasså? Kosær dikkan dikkan då? – Drangedalsdialekta, ein stad midt i mellom.

Som dykk kanskje forstod av overskrifta kjem eg frå bygda som kanskje er mest kjend for kassett-legende Sputnik og Hallvard Gråtopp, leiaren for eit av dei større bondeopprøra på 1400-talet. Men me har og ei ganske særeigen dialekt etter mi meining. Eg har alltid sagt, eller iallfall tenkt, at mi eiga dialekt består av 75-80% nynorskord og 20-25% bokmålsord om ein ska tenke slik. Om dette stemmer veit eg ikkje, men Drangedal ligg nemleg midt imellom Vest- og Aust-Telemark, der mange av språkskilja går. I vest grensar kommunen til Nissedal og Kviteseid som ligg i hjarte av Vest-Telemark, i øst grensar kommunen til Lunde og Grenland, med Porsgrunn og Skien som storbyar, mens i sør grensar Drangedal til både Kragerø og til Gjerstad i Agder. På alle kantar er det ulike talemål, i Vest-Telemark har dei ikkje tjukk l og ikkje retroflektering (Mehlum & Røyneland, s. 72, 2012), det har me i Drangedal og det har dei og i Grenland. Der ein i Numedal og Aust-Telemark finn norrøn hv- til -gv f.eks.gvi:t (adj) og gvi:le (inf.), (Mehlum & Røyneland, s. 72. 2012), seier ein «Kvit og kvile» i Drangedal som er meir likt vesttelemålet.



Når det kjem til bøying av ar-verb i presens, skil Drangedalsdialekta seg og ut frå vesttelemålet og blir likare Grenlandsmålet.
Vesttelemål: Å kaste – kastar – kasta – kasta
Drangedal/Grenland: Å kaste – kastær – kasta – kasta.
I Drangedal bruker ein altså ær-endingar i staden for ar-endingar, til dømes:«Eg hatær å vente», «eg brukær ikkje sokkær i sandalær». Her nærmar dialekta seg det Aust-Telemarkske og derfor meiner eg på mange måtar at mi eiga dialekt er ganske unik når ein ser på geografien og talemåla rundt. Eg kunne gitt fleire dømer på korleis Drangedalsdialekta sjår ut og kven han liknar mest på, men det har eg ikkje plass til. Det er ingen tvil om at dialekta mi er mykje likare vesttelemålet enn Grenlandsmålet og dialektane austover, men i nokre tilfelle trur eg det er vanskeleg å plassere Drangedal på eit dialektkart.

PS: Sjekk ut Drangedal Bortforklaring/Prestestranna Vel Vel Vel på Spotify for humoristisk musikk på Drangedalsdialekt.

Litteraturliste:
Mæhlum, B. & Røyneland, Unn. (2012). Det norske dialektlandskapet – Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm Akademisk.

Join the Conversation

2 Comments

  1. Det du fortel om, er eit godt døme på korleis det kan vere diskutabelt å dele inn i ulike dialektområde, for ein må velje ut nokre trekk som viktige kriterium og blunde for trekk som høver like godt. Og resultatet? Ja, det kan bli at ein ikkje kjenner seg heilt att i slike inndelingar, for i dialekten kan det vere trekk som peiker i andre retningar, og som ein sjølv tykkjer er vikige, uavhengig av kva dialektologane måtte meine. Eg trur dette kan vere ei oppleving mange av dei som bur i nærleiken av såkalla viktige dialektgrenser, kan ha. Elles er dømet ‘kastær’ interessant, for det framstår nærast som ein halvveges vokalreduksjon. Ein har ikkje teke steget heilt ut til -e- (‘kaster’), og kanskje blir noko av a-en delvis ‘beskytta’ av at det kjem ein -r til slutt, slik at resultatet blir ein vokal mellom -a- og -e-. Vokalen -æ- minner om når ein langs Oslofjorden seier ‘båtær’ og ‘bilær’, som også ein ein rest etter den opphavlege vokalen -a-.

  2. Hei!
    Så artig du skriv. Desto artigare verkar dialekta di! For ei krysning av ulike kommunar og bygder, og eg forstår godt at det kan førekome mange forskjellige «variasjonar» av dialekta. Eg kan sjå for meg at folk syns det er enklare å berre stemple alt som Telemarksdialekt, nettopp på grunn av denne «blandinga».

Leave a comment