Mormora mi var dansk. Ho budde nesten 20 år i Noreg, og i godt vaksen alder flytta ho tilbake til fødelandet. Dei mange åra i Noreg gjorde henne dansk-norsk i språket, og sjølv om ho nok fann attende til det gamle då ho igjen gjorde danske av seg, må noko av det norske ha sett seg litt fast.
Mormor arbeidde i ein kiosk i ein større dansk by. Ein gong var sjefen hennar bortreist ei stund, og då han var komen tilbake, spurde han korleis dei hadde hatt det medan han var borte. Dette fortalde mormor, og det dramatiske i historia var at ho nær på hadde svart at det var rart å ikkje ha han der. For ei eldre dame, som var oppteken av å vere høfleg og ordentleg, hadde ein slikt ordval vore nokså kritisk.
Saka er at i dansk tyder rart noko positivt, at noko er ‘fint’, kanskje til og med litt ‘deilig’. Det er eit av orda som blir nemnt av Cramer og Kierkegaard, og dei skriv: “For en dansker er norsk «rar» virkelig mærkeligt!” (2000, s. 89), vel vitande om at rar betyr ‘merkeleg’ på norsk. Og det var det mormor meinte å seie til sjefen sin, norsk-prega som ho var blitt.
På norsk kallar me gjerne desse orda, som har lik form og ulik tyding, for falske venar (sjå t.d. Store norske leksikon). Me tenkjer vel gjerne at språka er så like, og at det meste er uproblematisk, og det er nokså sant, men nokre gonger kan me altså gå i fella og oppleve misforståingar. Heldigvis blir det sjelden veldig dramatisk.
Kjelder:
Cramer, Jens og Kirkegaard, Peter. 2000. Dansk sproglære for nordmænd. Ad Notam Gyldendal.
Store norske leksikon: falske venner: https://snl.no/falske_venner
