Å skjer me ændalsdialekta?

Då eg vaks opp i Arendal, snakka dei fleste unge framleis ganske brei arendalsdialekt. Vi sa «Å hæ du vætt hen?», «Ska mi gå jem te du?» og «E kjøpte non jåbæ på tåve i sta.» Men sånn er det slett ikkje lenger. Barn og ungdom i dag snakkar heilt annleis. Ja, faktisk så annleis at språkvitaren Martin Skjekkeland meiner ein kan snakke om eit dialektskifte, ikkje berre ei dialektendring (Skjekkeland, u.å.).

Mange trur nok at denne endringa fekk fart på seg etter at programmet Lille lørdag gjekk på NRK midt på 1990-talet og effektivt fekk fram alle dei verste sidene av arendalsdialekta. Dei negative konnotasjonane og stigmaet som kom på grunn av dette, fekk nok mange til å unngå dei breiaste formene og heller velgje eit meir nøytralt språk. På 1960- og 70-talet undersøkte William Labov korleis sosiale faktorar påverkar språkbruken og oppdaga at folk ofte vel å ordleggje seg på ein måte som speglar det bilete dei ønsker å gje av seg sjølv (Mæhlum et al., 2008; Simonsen, u.å.). Dermed er det ikkje så usannsynleg at sosiale faktorar og ønskje om ikkje å snakke «rart» har spelt ei stor rolle.

Sjølv trur eg også at all den språklege påverkinga vi møter i dagens samfunn frå forskjellige typar media, både skriftlege og munnlege, kan påverke oss til å snakke meir nøytralt. Mæhlum og Røyneland seier at språkleg påverking anten kan komme frå regionalt nivå, men også frå nasjonalt nivå som ein slags sentralisert overrisling (Mæhlum og Røyneland, 2023). Både media og andre kjelder gjer oss stadig små impulsar som drypp ned over dialektkartet og blandar seg inn og vatnar ut språket.

Med det er det kanskje ikkje så rart at ein høyrer færre «blaude konsonantå» og mindre r-vokalisering med å-farging av utgangsvokalen, og fleire harde konsonantar og er-endingar der r-en uttalast tydeleg, nett slik som i austlandsk. Kven veit kor dette endar – vil ein framleis kunne høyre kven som kjem frå Arendal i framtida, eller vil alle til slutt ende opp med å snakke austlandsk?

LITTERATURLISTE

Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2023). Det norske dialektlandskapet : innføring i studiet av dialekter (2. utg.). Cappelen Damm akademisk.

Mæhlum, B., Røyneland, U., Akselberg, G., Sandøy, H. & Sandøy, H. (2008). Språkmøte : innføring i sosiolingvistikk (2. utg. utg.). Cappelen akademisk forl.

 Simonsen, Hanne Gram: sosiolingvistikk i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 12. mars 2024 fra https://snl.no/sosiolingvistikk

Skjekkeland, Martin: dialekter på Agder i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. mars 2024 frå https://snl.no/dialekter_p%C3%A5_Agder

Skjekkeland, Martin: sørlandsk i Store norske leksikon på snl.no. Henta 12. mars 2024 frå https://snl.no/s%C3%B8rlandsk

Join the Conversation

2 Comments

  1. Det er interessant det du seier om påverknad frå media til å snakke meir nøytralt. Der er eg ikkje ueinig i det heile, men eg vil også slå eit slag for påverknad til andre dialektar. Enkelte dialektar og dialekttrekk er meir smittsame enn andre trur eg.

    Ei eg gjekk i klasse med på skulen i Greipstad flytta ein periode til Vennesla, eg trur ikkje det kan ha vært meir enn eit år eller to. Men då eg trefte ho igjen hadde ho lagt om dialekta heilt. Eg har sjølv opplevd å snakke med nokon frå Vennesla i relativt kort tid, for så å bli bevisst sjølv på ein endring i mitt eige talemål, det har riktignok gått over. Same opplever eg også med den Arendalske æ-en i Ændal, eg må holde meg litt i taumane til tider.

  2. Eg plar tenkje at det austlandske talemålet krabbar ubønnhørleg sørvestover. Tradisjonelt går austlandsk om lag til fylkesgrensa, om ein skal leggje vekt på retrofleksane og rulle-r, og avstanden til Arendal er eigentleg ikkje særleg lang. Så har ein gjennom forskinga også funne at det som raskast går ut av ei talemål som er under press frå eit anna, er dei trekka som har mindre utbreiing, og den såkalla Arendals-r-en er vel ein slik. Dermed blir vel gjerne rulle-r eit forlokkande alternativ, saman med dei retroflekse lydane. I det heile er R i Arendal ganske komplekse greier!

Leave a comment