Kan eg redde mitt framtidige barn frå skarre-r-en?

Kjærasten og eg er einige om at vårt framtidige barn må lære seg å seie /r/ skikkeleg. Vi er berre ikkje einige i korleis /r/ det er. Han kjem frå skarre-r-ende Farsund, eg kjem frå rulle-r-ende Trønderlag. Dermed er scena rigga for ein episk «språkbattle» i heimen. Skarre-r-en er relativt ny i Norge, men spreier seg raskt, særleg hos unge. Er det noko eg kan gjere for å berge barnet mitt frå denne farsotta, eller er slaget tapt når ein bur på Sørlandet?

Skarre-r er ei bakre uttale av /r/, som regel ein uvular frikativ (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 97). På forelesing las Gunnleifsen frå ein gamal studie, der skarre-r blei forklart som eit resultat av at folk hadde fjerna seg frå naturen og satt inne i tronge, røykfylte hyttar og harka. I dag veit vi at skarre-r antakeleg kom til Sør-Norge frå Danmark. Lyden skal vere enklare å lære enn rulle-r-en, og hatt prestisje som noko urbant og kontinentalt. Ein allmenn endringstendens i norske dialektar er at fleire og fleire skarrar (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 127). Frå å vere nesten ukjend på 1800-talet, skarrar no nesten alle unge på Sørvestlandet. 

Kartet viser utbreiinga av skarre-r. Kjelde: Store Norske leksikon
Utbreiing av Skarre-r. Kjelde: Skjekkeland, M (2021)

Skal ein tru Torp (2002, s. 342, i Mæhlum & Røyneland, 2020,s. 97) finst det ei motgift mot fenomenet: retrofleksar. Retrofleksar og skarre-r synts nemleg ikkje å kunne eksistere i same område. Kan eg snike inn retrofleksar i språket til ungen min med list, bevisst språkpåverknad og ekstra lommepengar? Det blir jo sagt at pene Oslo-fruer ønska sørlandske barnepikar for at ungane skulle lære å skarre, så kvifor ikkje omvendt? 

Venninna mi frå Kristiansand veksla mellom rulling og skarring til ho vart tretten år. Det er ikkje uvanleg å ha variasjon i talemålet slik som ho, så kanskje planen min har ein sjanse? Ein ting i kvart fall sikkert: om eg vil at ungen min skal kunne uttale rulle-r må treninga starte tidleg. Sambuaren min klarer det ikkje. 

Desverre for meg er det ein tendens til at ungar tileignar seg den lokale dialekta, sjølv om foreldra har ei anna dialekt (Mæhlum & Røyneland, 2020,s.143). Han er gjerne dominerande i barnehage, skule og fritidsaktivitetar der ungane interagerer med andre barn. Dialekt er dessutan tett knyta til identitet. Venninna mi tok eit aktivt val om å skarre «for det gjer ein på Sørlandet». Er det i det heile etisk riktig av meg å tukle med ungen sitt talemål? 

Eg elskar sambuaren, Sørlandet, og det framtidige barnet mitt. Kanskje må eg berre akseptere at dei alle kjem med skarre-r. I det minste treng ein ikkje r for å si «hainn-hoinn i bann».  

Litteraturliste: 

Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2020). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter, Cappelen Damm Akademisk. 

Sjekkeland, M. (2021, 29. november). Dialekter i Agder. I Store norske leksikon. https://snl.no/dialekter_på_Agder

Join the Conversation

3 Comments

  1. Du spør om det er etisk riktig «å tukle med ungen sitt talemål». Eg har høyrt om folk som har tukla slik, eller i alle fall har forsøkt det, men eg må innrømme at eg aldri har tenkt på det spørsmålet du stiller. Sjølv har eg tenkt på denne typen tukling som både bortkasta og negativt, men etikken i dette… det har eg ikkje tenkt så mykje over. Men kanskje ein skal det? Uansett trur eg slaget er nokså tapt, så lenge du bur i skarre-r-land. Ei sak er det at dei fleste som barnet møter i barnehagen og på skolen, vil ha skarre-r, like utfordrande er det at lyden er enklare. Ei mogleg løysing kan vere å flytta til Arendal, for der har retrofleksane meldt sin ankomst, og kanskje vil det vere «vaksinerende». Om ein vil bu i Arendal, då.

  2. Interessant spørsmål! Sjølv om miljøet speler ein stor rolle, har eg sjølv opplevd at små påverknader kan vere viktige. Søstera mi og eg er begge født og oppvaksne i Arendal, men mens eg skarrar, rullar søstera mi på r-en, sjølv om ho elles snakkar arendalsdialekt. Eg trur det skyldast at vi var ein lang periode i Nord-Troms akkurat då ho lærte å snakke, og at både mamma og barneskulelæraren hennar rulla på r-en. Samstundes har ho faktisk sjølv to born som er født og oppvaksne i Arendal, der ei rullar og ei skarrar på r-en. Så ikkje gi opp håpet, det er fullt mogeleg å få barn på Sørlandet som rullar på r-en 😉

  3. Morsomt innlegg! Min erfaring er at sønnen vår har skarre-r, og samtidig har har noen retroflekser. Når han sier «rart» begynner han med skarre-r, mens rt-lyden i slutten av ordet uttales med retrofleks. Jeg erfarer derfor at retroflekser ikke nødvendigvis er en motgift mor skarre-r i alle ord og sammenhenger.

Leave a comment