Frå rulle-r til skarre-r

Frå rulle-r hos generasjon babyboomere til skarre-r hos generasjon Z

Der eg kjem frå har det vorte ein stor endring i korleis ein uttalar /r/. Bestemor rullar på r-en, medan eg og mamma skarrar. Det er interessant og vakkert korleis dei «gamle» endå held på dialekta si. Eg har ei dialekt som er utvatna, og som bestemor seier: «ynskjer du å behalde rulle-r så gjer ei endring før den er heilt vatna ut!».

Skarre-r er eit trekk som skil vestnorsk frå dei andre delane i landet. Det er ein bakre uttale av /r/, altså ein uvular frikativ som gjer at ein skarrar på /r/ (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 97). Denne uttalen av /r/ har vore svært ekspansivt dei siste hundre åra (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 97) medan det er vanleg at endringar kjem seinare i små bygder, som då gje meining i at bestemor rullar på /r/.

Men kvifor har det endra seg så kraftig frå bestemor sin generasjon til min? Arne Torp (2020) skriv at «grunnen til at den bakre r-uttalen har hatt slik suksess på både Sørlandet og Sørvestlandet, heng truleg saman med både artikulatoriske forhold» (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 97). Men han seier også at «den er lettare å uttale enn rulle-r-en og den har vorte brukt i urbane strøk» (Mæhlum & Røyneland, 2020, s. 97). Dette har stor betydning for barn som vekst opp i dag.

Rulle-r-en vert stadig meir utvatna, og eg veit ikkje om nokon unge i bygda i dag som ikkje skarrar. Det har seg jo slik at det barn lærar fyst, er som oftast det som blir teken i bruk vidare. Og medan me ikkje gjer ei bevisst endring i uttalen av /r/ så vil rulle-r-en til bestemor omsider vatnas ut. I dag er det lettare å uttale ein skarre-r, i motsetning til ein rulle-r, og ifølgje bestemor tek generasjon Z oftast lettaste veg ut og difor skarrar eg.

Kjelder

Mæhlum, B. & Røyneland, U. (2020). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter, Cappelen Damm Akademisk.

Join the Conversation

3 Comments

  1. Hei,
    flott innlegg! Jeg kjenner meg igjen i dette generasjonsskillet, selv var det tydelig at min bestefar hadde en grundigere sørlandsdialekt enn barnebarna, så dette understreker at fenomenet er gjeldene flere plasser! Du skriver godt og det virker som du har en god faglig forståelse. Bra jobba!

  2. Det er artig å høyre at ein framleis kan sjå generasjonsskilnader slik du beskriv. Det var nok endå vanlegare før, men ekspansjonen til skarre-r har altså ikkje stoppa opp, og på Vestlandet er det altså framleis nytt land å erobre. Eg kan forstå bestemor di, det er ikkje så vanskeleg, for skarre-r er nok ein ganske «bråkete» lyd når ein ikkje er vand med han, men å kjempe imot vil truleg vere ein kamp mot vindmøller.

  3. Takk for kommentarar 🙂
    Det er eit interessant fenomen korleis dialekta har forandra seg frå generasjonar. Men eg kan vere einig i at å kjempe ein kamp mot skarre-r, er som å kjempe ein kamp mot vindmøller, medan det er gøy å setje medviten i dialekta si og om korleis den ei gong har vore.

    Eg trur at ein berre må godta at dialekta og språket alltid er i rørsle, så har eg og bestemor alltid noko å nytt å fortelje til kvarandre 🙂

Leave a comment