Eit vemodig syn på endring i språklandskapet

Sjølv om faget vårt forholdsvis dreiar seg om dialekt-trekk og særpreg på eit regionalt nivå i Noreg, vil eg gjerne dra dykkar, lesarar, med meg heim til eit lite lokalt samfunn på utkanten av Stavanger. Det tek ikkje lang tid før ein merkar dei typiske dialektiske trekkane ved sørvestlandsk dialekt når ein køyrar vestover mot Rogaland. Ikkje tjukk l, ikkje retrofleks, høgtone i staden for lågtone, samt skarre-r i fleste delar av Vest-Noreg er oppsummerande for dialektlandskapet i vesten av Noreg (Mæhlum & Røyneland, 2023). Mosterøy er ikkje noko unntak for desse trekka, men vokabularet skil seg noko frå områda rundt, som Stavanger by.

Eg merkar eg kjem tilbake til «heimlandet» når ord som «jabba» (snakke), «sobihob» (blanding av rusk og rester) «vannari» (svakt skjellsord), klistrar seg i dialogar og samtalar. Me har alle ei relasjon til våre dialektar og sosiolektar, og Mosterøy-sosiolekta er ikkje noko unntak for min del. Ofte når eg kjem i tale med besteforeldre, kjende og slekt frå eldre generasjonar enn min eiga, legg eg merke til endringa i språket. Drøssevis av ord og uttrykk beherska og teken i bruk av øybuarar her er no på veg ut, døyande, og gløymt. Yngre generasjonar har (oftest sett) aldri høyrt om desse orda nemnt over, dei er «utdatert». Eg sitter igjen, vemodig. Etter kvart som dei eldre generasjonane på vesle Mosterøy døyr ut, døyr også den distinkte Mosterøy-sosiolekta.

Tapet av språket minner meg om konfrontasjonen mellom bevarelen av det gamle, og innfrielsen av det nye. Som ein rød tråd gjennom faget vi studerer, vet vi kor lett språk endrar seg gjennom tid – det er naturleg, og til grads uunngåeleg. Ein ting vett eg for sikkert – eg vil gjere det eg kan for å halde den distinkte sosiolekta levande.

Kjeldeliste

  • Mæhlum, B., & Røyneland, U. (2023). Det norske dialektlandskapet: Innføring i studiet av dialekter. Cappelen Damm.

Join the Conversation

3 Comments

  1. Det er kanskje ikkje noko til trøyst, men det at språket endrar seg, er nokså uunngåeleg og det er ikkje noko nytt. Hadde tipp-tipp-tipp-olderforeldra våre høyrt bestemot og bestefar tale, hadde sikkert også dei meint at ting hadde endra seg. Når dette er sagt, skjer endringane raskare no enn for 100-200 år sidan, til dels mykje raskare, og det har sjølvsagt med raske samfunnsendringar å gjere. Det me kan gjere i denne situasjonen, er å ta vare på det gamle med innsamlingar, gjere opptak og dokumentere korleis ting ein gong var, om me tykkjer det er noko poeng. På same måten som museumsfolk samlar og tek vare på gamle ting og klede, kan det vere like verdfullt å ta vare på minne om språket. Eit uttrykk for dette er ‘immatrielle kulturminne’, i motsetnad til dei matrielle tinga som ein kan ta og føle på.

  2. Her skriver du godt! Teksten er lett å lese, og klanger godt. Du får med fag – relevant informasjon som spiller godt med budskapet du formidler!

  3. Akkurat dét har eg tenkt på, eg har jo mogligheit til å dokumentera og fastslå svart på kvitt korleis sosiolekta på Mosterøy opptrer seg no. Men så kjem også tanka som du nemner Rune, kva er poenget? Det ligg jo noko spesielt og fint i å bevara det gamle i tråd med museum som du trekk frem, men kven vil eigenleg ha interesse for denne sosiolekta fra dette lille stedet i sitt hjørne av Noreg nesten ingen har høyrt om?

Leave a comment