Det var ein fredags ettermiddag at eg saman med familien skulde til å eta ein betre middag. Far i huset fylde sytti og stemninga vart høg for han. Maten vart fordela rundt på dei ulike tallerkenane og vi åt og koste oss. Undervegs i middagen vart det tala og diskutera om ulike tema frå fjernt og nært. I familien min er eg velsigna med ei syster som ved sida av å vere sjukepleiar og er paralympiskutøvar. Ofte kjem ei god historie eller to frå «paraverda». Ein ting vi alle har til felles er at vi blir fort ganske engasjerte når vi pratar. Denne kvelden var ikkje noko unntak. Plutseleg fortel systera mi om «skjellkokkelaget»! Det vart som om plata på ein platespelar fekk eit hakk i seg og all ljod forsvann! Ho fekk ikkje sjølv med seg kva ho hadde sagt, men vi andre klarte ikkje lenger å fylgje historietråden hennar! For ordet «skjellkokkelaget» hadde brenna seg inn på hinna vår. So seier mannen min, kva sa du for noko? Kva for eit lag talar du om? So svarar ho, kva… eg forteljar om kjelkehockeylaget og alle bryt ut i ein stor latter.
Nokon gonger gløymer vi oss, og det kan gå litt for fort i svingane. Ein er ikkje heilt bevisst på kva ein seier for noko. Når det er sagt får dette meg til å tenkje på bruken av kj- og skj-ljoden. At dialektar endrar seg over tid veit ein skjer gradvis med nye ord og meiningar. Men kan vi risikere at dette ljodlege samanfallet skjer fordi vi ikkje tenkjer oss om og ikkje «orkar» å bruke tid på å seie orda på riktig måte?
Kjelder:
Mæhlum, Brit og Røyneland, Unn (2012): Det norske dialektlandskapet. Cappelen- Damm 8. opplag 2022 PP frå forelesning i veke 8, 22.feb 2023 Sosiolingvistikk: talemålsendring I NO-167 V-23 Mangfold og variasjon i norsk og nordisk v/Elin Gunleifsen
Morsom historie! Det er en viktig ting du nevner med at vi endrer språket etter hva vi orker å si. Nå for tiden bruker vi veldig mye forkortninger når vi snakker og skriver sammen. Det kan jo kanskje henge sammen med at vi som regel skriver meldinger til hverandre i stede for å prate sammen. Vi bruker forkortelser som OMG, LOL, DM, serr, seff, og insta gjerne fordi vi ikke gidder si eller skrive hele ordet. Kanskje skj-lyden tar over for kj-lyden fordi det rett og slett er lettere å si, og at vi vanligvis velger det enkleste.
Eit artig døme på kva dette kjende lydsamanfallet kan føre til. Det er kanskje ikkje så vanleg at mistydinga blir så stor som her, men dette er ei lydendring som truleg har større sjansar for misforståingar enn mange andre. Ei ‘problem’ er gjerne at dei som nyttar sh-lyden, ofte ikkje høyrer skilnad på denne og kj-lyden, og då er det ikkje så aktuelt ‘å ta seg saman’, for ein veit ikke kva ein skal gjere (men elles kan ein nok ‘ta seg saman’ når dei gjeld uttalen av dei andre delane av ordet). For oss som høyrer skilnad, er det litt fasinerande at andre ikkje gjer det, og det fortel noko allment om det komplekse tilhøvet mellom fonetikk, fonologi og medvitet vårt.