Kva er språkrikdom?

Eitkvart språksamfunn er prega av konstante språkendringar som så å seia er umoglege å forhindra. Særleg rundt den engelskspråklege påverknaden i Noreg i dag, er det delte meiningar. Mange nyleg inntekne ord med engelsk opphav har grunnfesta seg så sterkt i språket vårt, at dei no er heilt innlemma i ordtilfanget: å chilla, å digga, fancy, klubb, kul, sport, turist, yes, osb. (Gisle, 2006). Ein del av dei har òg fått særnorske skrivemåtar.

Når ein fyrst set seg ned og undersøkjer etymologien bak desse orda, kan ein, om ein ser seg langt nok tilbake i historia, sjå at ord som kul og klubb, tekne frå moderne engelsk, faktisk har nordisk opphav (Språkrådet og Universitetet i Bergen). Språksamfunn har til alle tider lånt ord av kvarandre; det engelske språket vart faktisk i si tid til på grunnlag av språkmøte mellom germansk og gammalfransk. «Heilnorske» ord som arbeid, avis, bil, bukse, himmel og musikk, har òg internasjonalt opphav, og mange av orda ein reknar for stam-nordiske, tok dei norrøne språkbrukarane i si tid frå latin (Språkrådet og Universitetet i Bergen).

Med argumentet at norsk og engelsk har ein så omfattande felles språkbakgrunn, kunne vel alle akseptera inntaket av engelske ord i språket; men i dei aller fleste tilfella finst det jo ekvivalente ord på norsk. Orda live og direktesendt er nok sidestilte i moderne språkbruk, men den engelske versjonen cocky av det veldig lite brukte fornorska adjektivet kokett, dominerer heilt klart. Ordet opptaksprøve står kanskje i fare for å verta erstatta av audition, og stemnemøte er nærast døydd ut i dagleg tale etter press frå date.

Alt etter kva for nokre perspektiv ein baserer seg på, kan ein anten sjå endringane som eit problem eller ein ufarleg naturleg utvikling av språket. Frå eit reint språkhistorisk perspektiv, og ikkje minst sosiolingvistisk, er det vanskeleg å sjå engelsk påverknad som noko negativt. Frå eit meir kulturkonservativt perspektiv kan ein likevel finna gode argument til å byggja opp under ein meir konservativ språkpolitikk med. Både nye engelske importord og hardnakka purisme kan føra til innovativ språkrikdom; kva som er bra og kva som er dårleg, er opp til den enkelte å bedømma.

Litteraturliste:

  1. Andersen, Gisle. 2006. Engelske importord i norsk. Språknytt 2006/3. Henta frå Engelske importord i norsk (sprakradet.no)
  2. Språkrådet og Universitetet i Bergen. (Henta 12.02.2023). Nynorskordboka. Henta frå ordbøkene.no (ordbokene.no).

Join the Conversation

3 Comments

  1. Interessant at du trekk linjer tilbake til det norrøne! Eg viste ikkje at
    kul og klubb faktisk har nordisk opphav. Det er også interessant at du nemner «date» kontra «stevnemøte». Eg har sjølv i telefonsamtale med min Bestemor for nokon dagar sida sagt at eg var på «stevnemøte» da eg ikkje var sikker på om hu ville forstå ordet «date». Eigentleg så saknar eg eit meir norsk ord for «date», da eg sjølv forsøker å vere meir oppmerksam på bruken av engelske ord i min eigen språkbruk. Sjølv om som du seier, kanskje ein berre skal akseptere at språket er i konstant utvikling? Kva meiner du sjølv heilt personleg? Heller du mot purist sida, eller den new way-en av å snakke norsk?

  2. Det er nærliggjande å seie seg einig i mykje av dette, for det er fleire sider av denne ordlåningssaka, og det er spørsmål kor «farleg» låninga er, så lenge det dreier seg om ord. Men så må me også hugse på at ordlån i mellomalderen var noko anna enn det er no, for engelsken er no blitt så ekstremt dominant. Uansett er det også artig å hugse på at språket vårt har levert litt av kvart til dette store verdsspråket, til dømes det ultraengelske «fellow» som her henta frå norrønt «felagi». Litt rart å tenkje på.

  3. Jeg liker at du tar opp språkendringer som både positivt og negativt, og noe som vil være en naturlig del av språkutviklingen- selv bruker jeg mange av ordene du nevner, blant annet date, cocky og fancy. Skulle muligens vært noe mer konsekvent i bruken av de norske erstatningsordene, da jeg som norsk- lærer ønsker at kommende generasjoner skal bruke det fantastiske norske språket vårt.

    Som Kristin (min navnesøster), var ikke jeg heller klar over at så mange ord hadde sin opprinnelse i norrønt. Ved at språksamfunnet hele tiden låner ord av hverandre får vi et rikt ordforråd (om vi også lærer ungdommen de norske ordene), og ikke minst blir det kanskje enklere for kommende generasjoner å lære seg det engelske språket? Alt i alt er dette en interessant diskusjon av språkendringer og språkpåvirkning.

Leave a comment