Kva enn det motsette av dialektforvirra er!

    Dialektsikker, dialektfast eller dialektkameleon? Kva enn for ord me kan bruke i denne samanhengen er det ikkje ei skildring av eige språkliv eg nå skal fortelje om.

    Som så mange andre lignande historier kan eg samanfatte mi eiga erfaring med dialekt og talemål med erkjenninga at det å halda på dialekta si er særs vanskeleg om ein flytter til meir urbane strøk. Eg prata for landleg for byen, men blei nærmast arvelaus heime fordi eg byrja å seie «syns» i staden for «tykke». Derfor har det alltid fascinert meg med menneske som verkar å være immune mot denne påverknaden. Som regel høyrer ein jo om dialektutvanning, blanding og forvirring, men her kjem eit unntak ein kan skildra som eit sosiolingvistisk partytriks.

    Når me i sosiolingvistikken kan lese om språklege register bruker ein ofte dette med å skilje på formelt og uformelt språk i ulike sosiale settingar (Mæhlum, 135). I tillegg til dette kan me og finne menneske med ulike dialektregister. Ta syskenbarnet mi til dømes. Med ei mor frå Nord-Noreg, ein far frå ei lita bygd i indre Agder, sine første leveår i Åseral og resten av oppveksta i Tønsberg hadde kusina mi det ein må kategorisera som den perfekte oppskrifta på ei ganske så spesiell blandingsdialekt.

    Snarare tvert imot har dette manifestert seg i at ho enkelt byter mellom talemåla etter kven ho pratar med. Ho bruker enten nordnorsk eller austlandsk, trass i at ho aldri ei gong har budd i nord. Eg kan sitje i sofaen ved sida av min mann, som kjem frå Austfold, der ho pratar til han på austlandsk mens ho i neste setning svarar meg på nordnorsk. I same stund kan ho til og med herma etter fjotlandsk, som er lokaldialekta heime, med overbevisande iver. Ho blandar aldri – som Dr. Jekyll og Mr.Hyde bare med dialektar.

      Litteraturliste
      • Mæhlum, B., Røyneland, U., Akselberg, G., & Sandøy, H. (2008). Språkmøte : innføring i sosiolingvistikk (2. utg.). Cappelen akademisk forl.

      Join the Conversation

      1 Comment

      1. Artig innlegg og eit interessant døme du har her! Det einaste eg vil innvende mot, er at du lanserer det som eit partytriks, for eg trur ikkje det er for kven som helst å vere ‘dialektkameolon’. Som du sjølv skriv, kan ein kjenne seg viljelaus i møte med andre talemål, samstundes som andre tilsynelatande held standhaftig på det dei ein gong har lært seg. Desse ulike tilfella tyder på store individuelle skilander, anten det handlar om ulike evner til tilpassing, eller om å stå imot noko. I dette spelar vel fleire lag, eller heller fleire sider, ved det psykososiale inn, og kanskje også noko av det auditive og perseptuelle. Det heile blir sånn sett ganske komplekst, om me skal forstå det som går (eller ikkje går) føre seg, og dermed ganske fasinerande.

      Leave a comment