Å havne i grøfta

Dei fleste som ikkje er altfor gamle, veit kva det vil seie å ditsje nokon, eller å bli ditsja. Det er i grunnen eit ganske beskrivande uttrykk, og det er ein metafor, for bokstavleg talt inneber det at ein blir kasta i ei grøft og etterlaten der. Ganske brutalt, eigentleg.

Verbet kan brukast på same måten på engelsk, sjå til dømes Collins Dictionary, som oppgir at det er ein uformell («informal») språkbruk. Sånn sett passar det godt i munnleg ungdomsspråk. Men så har me av og til ein også behov for å skrive ordet, særleg på sosiale medium, og då blir det spørsmål korleis ein skal skrive og bøye det. Det finst ikkje i den offisielle ordboka, i alle fall ikkje enno, så der får ein ikkje hjelp.

Det mest aktuelle kan vere å stave det på engelsk måte: ditch. Dei fleste ungdommar kjenner engelsk godt, og då er det kanskje ikkje noko problem at stavemåten er litt kompleks. Eit alternativ er noko slikt som ditsj, som vil vere ein fornorska stavemåte. Vidare seier nok dei fleste /ditsja/ når dei bøyer ordet i fortid. Slik kan det også skrivast (ditsja eller ditcha), og a-endinga blir også ei slags fornorsking, litt som kidsa og bøyinga rulte av verbet to rule (sjå Andersen 2006). På norsk kan vi også skrive ditchet/ditsjet med et-ending. Den er vanlegere enn a-endinga, men det høyrest litt meir formelt ut og passar kanskje dårleg med den munnlege stilen.

Søk på nettet viser at alle desse alternative skrivemåtane førekjem når ungdom skriv, både ditsja/ditcha og ditsjet/ditchet. Slik prøver dei fleste seg fram etter eige skjønn, og så lenge det ikkje finst nokon offisielle reglar, er det ikkje noko som er rettare enn noko anna. Om det kjem offisielle reglar, veit me ikkje. Det kjem vel an på om ordet overlever i denne bruken eller ikkje.

Kjelder:

Collins Dictionary: https://www.collinsdictionary.com/dictionary/english/ditch

Andersen, Gisle. 2006. Engelske importord i norsk. Språknytt 2006/3.

Leave a comment